Drøymer du om å byggje din eigen garasje, heilårs- eller fritidsbustad, uthus eller påbygg?
Stortinget har fastsett at det er lov å vere sjølvbyggjar (ha "personleg ansvarsrett") for byggjetiltak som du må søkje kommunen om å få godkjent. Du må i så fall ha kunnskap om muring, snikring osv. og ha praktisk erfaring. Du må også kunne godtgjere at du har gode nok kvalifikasjonar og vil følgje plan- og bygningslova og tilhøyrande regelverk.

I utgangspunktet kan det gjevast personleg godkjenning for alle funksjonar (ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande, ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande). Det vanlegaste er at du blir godkjend som ansvarleg utførande, mens du har hjelp av eit firma til å søkje, prosjektere og kontrollere tiltaket.

Har du generell bygningsteknisk utdanning og praksis, bør du kunne bli godkjend. Andre forhold som kan bli tillagt vekt, er om du tidlegare har vore med på oppføring av byggverk eller delteke på relevante kurs.

Byggjetiltaket kan vere:

· Einebustad (i særskilte tilfelle)
· Delar av bustad
· Grunnmur
· Innvendige arbeid

Tiltaket må vere til eige bruk. Tomannsbustad eller rekkjehus er ikkje omfatta.

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar. Då får du òg meir informasjon om kva kompetanse som blir kravd for å få godkjent ansvarsrett som søkjar, prosjekterande og utførande med tilhøyrande kontrollfunksjonar. Om du berre ynskjer å bli godkjend som ansvarleg utførande (som er det mest vanlege), må du også ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen som er knytta til sjølve byggjetiltaket.

Søknaden om ansvarsrett skal fylgje søknaden om løyve. Søknad om løyve kan òg delast opp. Når prosjekteringa er ferdig, blir det søkt om eit rammeløyve som avklarar rammene for tiltaket. Deretter, når ansvarleg føretak for utføringa og eventuell kontroll er bestemt, blir det søkt om igangsetjingsløyve. Når igangsetjingsløyvet er gjeve, kan du setje i gang arbeidet. Det er naturleg at søknad om ansvarsrett i dette tilfellet følgjer søknaden om igangsetjingsløyve (etter at rammeløyvet ligg føre).

Vedlegg til søknaden:
Dokumentasjon på erfaring og kompetanse

Klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.