Langtidsopphald :

For langtidsopphald betalar ein ein viss andel av inntekta si.
Utgangspunktet er all skattbar inntekt (t.d. pensjon, renteinntekter, inntekt av aksjar), etter frådrag for skatt og andre frådrag (t.d. forsørgjarfrådrag, mèndel).
Det er ikkje høve til å krevje deler av formuen som betaling (t.d. fast eigedom, bankinnskot).

Alle bebuarar har ein sum til eigen disposisjon, kontantytelsen. Kontantytelsen (lommepengane) består av:
25 % av Grunnbeløpet, 75 % av Fribeløpet og 15 % av øvrige inntekter ut over Grunnbeløpet.
Kontantytelsen skal gå til å dekke personleg forbruk etter at bebuar er lagt inn på institusjon.

Forskrift om vederlag for opphald i institusjon regularar størrelsen på betalinga.

Grunnbeløpet er kr 99 858,- pr. 1. mai 2019, dette blir justert kvart år.
Fribeløpet for berekning av vederlag er sett til kroner 8.400,- pr 01.01.2019.

Kurdøgnpris -makspris for eigenbetaling for langtidsopphald på sjukeheimen.
Satsar for 2019:
kr. 1.031.490,- pr. år
kr.     85.957,- pr. mnd
kr.       2.826,- pr. døgn


Korttidsopphald:

Eigenbetaling for korttidsopphald er fastsett i sentralt regelverk og utgjer per dags dato kr. 165,- pr. døgn og kr. 85,- per dag / nattopphald.