Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
Dersom du ynskjer å setje opp skilt eller reklameinnretningar, treng du normalt ikkje å sende inn melding/søknad til kommunen. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ynskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du sende inn søknad.
Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.
Generelle vilkår:
· Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
· Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
· Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova - til dømes kravet til estetikk
· Tiltaket er ikkje i strid med kommunale bygningsvedtekter
Særskilde vilkår:
· Skiltet (inntil 3,0 m2) eller innretninga (inntil 1,0 m2) må vere montert flatt på vegg
· Skiltet må ikkje ha lys
Rettleiing:
Du treng ikkje sende søknad eller melding til kommunen dersom tiltaket er i samsvar med vilkåra over. Er du i tvil tek du kontakt med kommunen for meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.
Ingen kostnad
Naboar og andre kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga.
Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
NB! Kommunen kan ha vedtekter som går føre reglane i SAK § 5. Da må dette gå tydeleg fram i den lokale informasjonen som kommunen legg inn i feltet vilkår under særskilde vilkår. Det bør eksplisitt opplysast at kommunen har andre krav til kva som er maksimalt tillatte storleik, slik at informasjonen ikkje blir motstridande.
Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.
· Forvaltningsloven
· Plan- og bygningsloven
· Forskrift om krav til byggverk (TEK)
· Forskrift om saksbehandling i byggesaker (SAK)
· Statens bygningstekniske etat
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
