I samband med arbeidet med nye Sogndal kommune er det avgjort av Fellesnemnda at ein frå barnehage- og skuleåret 2019/20 skal ha felles rammeverk, og at vi skal søkje ei harmonisering av betalingssatsar. Som ein konsekvens av dette vert det ei harmonisering av både tilbodsstruktur og betalingssatsar. Dei tilboda som gjaldt hausten 2018 vert også gjeldande for vårhalvåret 2019, medan det vert ein eigen tabell for hausthalvåret 2019.

Satsar for foreldrebetaling i skulefritidsordninga fram til 31.07.2019

Alternativ
Innhald
Pris
1
5 dagar per veke før og etter skuletid inkl. haustferie, vinterferie og enkle fridagar i skuleruta.
Kr. 2.472,-
2
For dei som nyttar leksehjelp som ein del av SFO-tilbodet
Kr. 2.369,-
3
Kjøp av enkeltveker i skulen sin sommarferie minus 4 veker i juli som
SFO er stengd.
Kr.    749,- pr./v
SFO er stengd i påskeferien (måndag, tysdag og onsdag i påskeveka) og 4 veker i juli månad  
 
For alternativ 1 gjeld betalinga per månad i 11 månader. Juli er betalingsfri månad. For alternativ 3 gjeld betalinga per veke.
 
Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon for 2. barn og 50% moderasjon for 3. eller fleire barn, dette gjeld og for alternativ 2.

Satsen for matpengar er kr. 64,- per månad.

Betaling for kjøp av einskilddagar vert sett til kr. 299,- per dag.

I tillegg er det innført ei ordning med låg sats for foreldrebetaling for hushaldningar med samla brutto inntekt lågare enn kr. 462.000,-  Betalingssatsen vert for 2019 fastsett til 50% av normal sats. Dette utgjer for alternativ 1: kr. 1.236,- alternativ 2: kr. 1.185,- og alternativ 3: kr. 375,-

 

Betalingssatsar for tidsrommet 01.08.19 til 31.12.19
Alternativ Innhald Pris
1 Heil plass inkl. ferie (alle morgonar, ettermiddagar og feriedagar/inneklemde fridagar) Kr. 2800,-
2 Heil plass eks. ferie (alle morgonar og ettermiddagar) Kr. 2650,-
3 Morgonplass eks. ferie (alle morgonar) Kr. 1000,-
4 Ettermiddagsplass eks. ferie (alle ettermiddagar) Kr. 1800,-
5 Ettermiddagsplass 2 faste ettermiddagar pr. veke eks. ferie Kr. 1000,-
6 Ferieplass Kr. 750,- pr veke,
kr. 300,- pr dag

Ferie vert definert som alle skuleferiar og inneklemde fridagar i SFO-året.
SFO er feriestengt i fire veker om sommaren (veke 27-30).
Årsbetalinga vert fordelt på 11 månader der juli er betalingsfri månad.

Moderasjonsordningar for SFO:
Søskenmoderasjon 2 barn - 30% moderasjon på barnets som er yngst
Søskenmoderasjon 3 eller fleire barn - 50% moderasjon frå og med barn 2
Leksehjelp i SFO-tida - nivået på reduksjon vert fastsett årleg saman med betalingssatsar.