Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1.- 4. steg.
Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår, og dei har aktivitetstilbod som er tilpassa barna sin alder og deira interesser.

Det blir lagt til rette for leik, kultur – og fritidsaktivitetar. Borna får bruke ulike sider av seg sjølve og dei får oppleva samanheng og meistring. Utvikling av sjølvstende er eit mål.

Satsingsområda til Bjørnehiet SFO

  1. Fysisk aktivitet
  2. Auka leselyst
  3. Mat og helse