Bjørnehiet SFO
Holevegen 15-18
6863 Leikanger
Dagleg leiar
Siri Randen
Telefon 57 65 68 23
Mobil 99 57 88 58
Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1.- 4. steg.
Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.
Det blir lagt til rette for leik, kultur – og fritidsaktivitetar. Borna får bruke ulike sider av seg sjølve og dei får oppleva samanheng og meistring. Utvikling av sjølvstende er eit mål.
Vi har aktivitetstilbod som er tilpassa barna sin alder og deira interesser.
Det er viktig med godt samarbeide med føresette.
Elevar i 1. – 4. klasse og for elevar med særskilde behov ut 7. klasse
Foreldrebetalinga vert fastsett av kommunestyret i samband med årsbudsjettet.
Det er ei målsetjing at alle som ynskjer plass, skal få plass. Dersom ein av plassomsyn i periodar ikkje kan ta inn alle, føl ein prioriteringsreglane for barnehagen så langt desse passar, men slik at yngre barn går framfor eldre.
Ein beheld plassen til den vert oppsagd skriftleg. Det er 2 månaders oppseiingsfrist, men likevel slik at siste oppseiingsfrist før sommaren er 1. mai.
Rektor har opptaksmynde.
Det er hovudopptak med søknadsfrist 1. mai, og suppleringsopptak med søknadsfrist 1.november
Formannskapet er klageinstans
Bjørnehiet SFO
Holevegen 15-18
6863 Leikanger
Dagleg leiar
Siri Randen
Telefon 57 65 68 23
Mobil 99 57 88 58
