Kommunestyra i Balestrand, Leikanger og Sogndal har vedteke felles vedtekter og betalingssatsar for barnehage og SFO i nye Sogndal kommune med verknad frå 01.08.2019.

6-åringar som skal ha heil plass inkl. ferie i SFO frå hausten 2019, får ta til i SFO frå veke 31, i staden for å gå tilbake i barnehagen etter ferien.

Då tilboda avvik frå dagens tilbod, må alle søkje på nytt for å få plass frå hausten 2019.

Søknadsfrist: 1. april 2019

Nærare opplysningar om tilboda og prisar finn du her

Søknadsskjema


Sommarferien i Bjørnehiet SFO 2019

Bjørnehiet SFO er ope i veke 26, 31, 32 og måndag, tysdag og onsdag veke 33.
Bjørnehiet SFO er stengt veke 27, 28, 29 og 30.
Det er planleggjingsdagar 15. og 16. august og Bjørnehiet SFO er då stengt.

Nye vedtekter og tilbod frå august får noko å sei for påmelding til sommarferien.
Dersom nokon av dykk som alt har plass, melder ungane på heil plass inkl. ferie eller ferieplass frå 1. august, så har de veke 31, 32 og dei tre dagane i veke 33 med i tilbodet, og treng ev. berre kjøpe veke 26 utanom.

De nyttar det vanlege søknadsskjemaet, og skriv inn kva veke det gjeld (26).