Helsesøster har faste kontordagar ved skulane.
Leikanger barneskule: torsdag 8-15
Leikanger ungdomsskule: onsdag 8-15

Hovudoppgåva til skulehelsetenesta er å arbeide for å fremja eleven si totale helse, både fysisk, psykisk og sosialt. Dette kan ein oppnå ved at ein gjennomfører helseopplysning, foreldre- og elevrettleiing, helseundersøkingar, vaksinasjon og gir tilbod om hjelp og støtte ved behov. Tverrfagleg samarbeid er eit viktig bidrag for å nå måla.

Helseundersøking/tiltak på ulike klassesteg:
Skulestartundersøking før start i 1. klasse
2. klasse - vaksinering
3. klasse - helseundersøking/samtale
6.klasse - vaksinering/helseundersøking
7.klasse - vaksinering
8.klasse - helseundersøking/samtale
10.klasse - vaksinering/samtale