Innbyggjarar som har eit særskild behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker, kan søkje om heimetenester.
Du må søke på eige søknadsskjema som du får ved å venda deg til pleie- og omsorgstenesta, tlf 57655655 eller 57655658.

Det vert føreteke ei individuell vurdering av søknaden etter samtale / heimebesøk. Dette gjev grunnlag for vedtak om tenester. Når vedtaket er fatta, får du skriftleg melding om søknaden din er innvilga eller ikkje. Dersom søknaden din er innvilga, vert vedtaket sendt over til heimebaserte tenester som vil avtale oppstart av tenesta.