Sosialhjelp - økonomisk stønad

Økonomisk sosialhjelp har som mål å sikre økonomisk tryggleik. Økonomisk stønad er meint som ei midlertidig yting til personar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon

Vilkår

Alle som søkjer økonomisk stønad må først ha prøvd alle andre moglegheiter til å forsyte seg sjølv. Det skal kartleggast om søkjaren kan skaffe seg arbeid, eller om andre rettar kan gjerast gjeldande, td frå Folketrygda.

Handsaming

Kvar søkjar vert vurdert individuelt. Ofte vert økonomisk stønad til livsopphald kombinert med rådgjeving og krav til søkjar. Økonomisk hjelp etter sosialtenestelova skal ta sikte på at ein vert sjølvhjelpen.

Nav kontoret har søknadsskjema og vil gi nærare opplysingar om kva dokumentasjon som er naudsynt, og om vilkåra for å få økonomisk stønad. Søknaden kan settast fram muntleg, for så å bli skriftleggjort. Ein må dokumentere inntekter og utgifter.

Handsamingstid

Saker etter sosialtenestelova Kap.5 om økonomisk stønad skal handsamast snarast og innan 3 veker.

Klage

Klage på enkeltvedtak kan settast fram for Nav-kontoret. Klageinstans er Fylkesmannen. Det er 3 vekers klagefrist frå vedtaket er motteke.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS