Kvar torsdag klokka 17.30 – 19.00 er det språkkafé på biblioteket. Målet med språkkafé er at flyktningar skal få moglegheit til å bli kjende med innbyggjarar, få praktisere norsk, lære norsk kultur og få høve til å bli godt integrert i Leikangersamfunnet.

Det vert servert kaffi med noko attåt. Viss du er glad i å bake må du gjerne ta med deg litt ekstra godt til kaffien.

Alle er hjerteleg velkomne!