Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
6863 Leikanger
Tlf 57 65 56 55
Konsulent for funksjonshemma
Gunn Ragnhild Rimala
Tlf 57 65 56 88
Mobil: 916 26 119
Transporttenesta er i utgangspunktet tilbod om fritidsreiser, men kan nyttast til alle typer reiser med unnatak av:
Transportteneste er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Funksjonshemminga må vare i minst eit år for at du skal bli godkjent som brukar av TT-kort.
Du må søke om å bli godkjent brukar av TT-kort. Skjema får du ved å henvende deg til konsulent for funksjonshemma.
Det kan vera aktuelt å legge fram legeerklæring som stadfestar transportbehovet, og at det er vanskar med å nytte offentleg transportmiddel. Graden av forflyttingshemming skal leggast til grunn i vurderinga, ikkje type funksjonshemming eller alder. Transporttenesta skal ikkje erstatte eventuelle manglande busstilbod, lang veg til haldeplass eller avsidesliggande bustad.
Brukargodkjenninga gjeld i utgangspunktet det året du søkjer.
Når du er godkjent brukar får du tildelt ein årleg sum som du kan nytte.
Klage på vedtak om brukargodkjenning,vedtak om avslag og vedtak om oppheving av brukargodkjenning er enkeltvedtak med klagerett. Klagen må sendast konsulent for funksjonshemma innan tre veker etter at du mottok vedtaket.
Formannskapet er klageinstans.
Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
6863 Leikanger
Tlf 57 65 56 55
Konsulent for funksjonshemma
Gunn Ragnhild Rimala
Tlf 57 65 56 88
Mobil: 916 26 119
