Transportteneste er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Funksjonshemminga må vare i minst eit år for at du skal bli godkjent som brukar av TT-kort.

Transporttenesta er i utgangspunktet tilbod om fritidsreiser, men kan nyttast til alle typer reiser med unnatak av:

  • Reiser som blir dekka av Nav, eigendel skal brukar betale sjølv
  • Reiser til/frå skule
  • Andre reiser som blir dekka av det offentlege