Alle lag og organisasjonar kan søkje om kulturmidlar.

Spelemidlar er overskotet frå dei ulike spela som vert administrert av Norsk Tipping, og som vert fordelt til ulike allmennyttige føremål.
Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til idrettsanlegg:

  • Nybygg av idretts- og friluftsanlegg
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde)