Idrettssenteret AS har etter initiativ frå idrettslaget Syril drive eit treningssenter på Leikanger i samdrift med Sogndal sidan 2009.
Idrettssenteret AS har ikkje sett det drivverdig til ynskt kvalitet. Det har difor vore viktig å levere eit alternativt tilbod, eller finne andre som kan drive eit treningstilbod.
Leikanger kommune og Idrettssenteret AS har i samarbeid funne ei god løysing, der idrettssenteret AS også har bidrege med utstyr.

Leikanger kommune vil i neste veke komme med informasjon om nytt treningstilbod i Leikanger.

Kundar som ynskjer å fortsetje sitt medlemskap hjå Idrettssenteret AS er hjarteleg velkomne til å trene i lokala i Sogndal.