Trygde- og omsorgsbustad er ein bustad som er fysisk tilrettelagt for orienterings- og bevegelseshemma. Bustad vert tildelt personar med ulike funksjonsvanskar av fysisk, psykisk eller sosial art og/eller alder som treng tilrettelagt bustad og ulike tenester.
Ein trygde- og omsorgsbustad er bebuaren sin eigen heim.

Trygde- og omsorgsbustadane er ikkje fast bemanna, men bebuaren vil få tildelt heimetenester etter behov på individuell basis på lik linje med andre heimebuande.
Bebuaren betaler ordinære eigenandelar for desse tenestene.
Ein person som leiger ein trygde- og omsorgsbustad, med eller utan innskot, skal betale ordinær husleige, eventuelt med bustøtte.