Trygde- og omsorgsbustad

Trygde- og omsorgsbustad er ein bustad som er fysisk tilrettelagt for orienterings- og bevegelseshemma.
Ein omsorgs / trygdebustad er bebuaren sin eigen heim.

Trygde- og omsorgsbustadane er ikkje fast bemanna, men bebuaren vil få tildelt heimetenester etter behov på individuell basis på lik linje med andre heimebuande. Bebuaren betaler ordinære eigenandelar for desse tenestene.
Ein person som leiger ein trygde- og omsorgsbustad, med eller utan innskot, skal betale ordinær husleige, eventuelt med bustøtte.

Leikanger kommune disponerer trygde- og omsorgsbustader i Lundene, Leitevegen og i Hatlebakkane.

Målgruppe

Trygde- og omsorgsbustad vert tildelt personar med ulike funksjonsvanskar av fysisk, psykisk eller sosial art og/eller alder som treng tilrettelagt bustad og ulike tenester. 

Vilkår

Individuell vurdering etter søknad om tenester. 

Handsaming

Individuell vurdering av søknaden vert føreteke etter samtale/heimebesøk og eventuelt samarbeid med andre hjelpeinstansar. Dette gjev grunnlag for vedtak om tenester.

Når eit vedtak er fatta, får du skriftlig melding om din søknad er innvilga eller ikkje.

Trygde- eller omsorgsbustad vert innvilga med heimel i:
Helse- og omsorgstenestelova § 3-7.

Handsamingstid

3 veker

Søknadsfrist

Ingen

Klage

De har rett til å klage på overnemnde administrative vedtak i høve til innhaldet og omfang av tilbodet, jfr. Pasient- og brukarrettigheitslova § 7-2, § 7-3 og § 7-6. 
Tenesteleiar i pleie og omsorg, eller den som får delegert ansvar, kan vere hjelpsam med å forme ein klage, jfr. Lov om Behandlingsmåten i Forvaltningssaker av 10.02.67 § 11.

Ein klage kan vere skriftleg eller munnleg og skal innehalde ein beskriving av kva det klagast på og kva endringar som er ynskeleg, jfr. Lov om Behandlingsmåten i Forvaltningssaker av 10.02.67 § 32 a-d.

Ein eventuell klage rettast til tenesteleiar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, vil klaga bli sendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, jfr. Pasient- og brukarrettigheitslova  § 2-7.
Fristen for å påklage vedtaket, i høve innhald og omfang av tenesta er 3 veker frå du mottok vedtaket, jfr. Forvaltningslovens § 29.

Annan informasjon:

Tenesta om trygde- og omsorgsbustad er ikkje lovpålagd, og tildeling av trygde- og omsorgsbustad er eit enkeltvedtak med dei rettar og plikter som er nedfelt i forvaltningslova.

Det er det ordinære regelverket for tildeling av sosiale tenester og heimesjukepleie i henholdsvis sosialtenesteloven og kommunehelsetenesteloven som er avgjerande for kva tenester den enkelte bebuaren i ein omsorgsbustad vil motta.

Sosialtenesta skal medverke til å skaffe bustad til personar som ikkje sjølv kan ta vare på sine interesser på bustadsmarknaden, herunder bustader med særleg tilrettelegging og med hjelpe- og vernetiltak for de som treng det på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsaker.
 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS