Tryggleiksalarm er eit tilbod til eldre og /eller funksjonshemma som ynskjer å bu heime, men som av ulike årsaker føler seg utrygg og vil sikre at ein får rask hjelp ved behov.
Alarmen er knytt opp til fasttelefonen i heimen til søkjar (må vere analog linje).

Brukaren ber tryggleiksalarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytt til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleien. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykkjer ut heile døgeret dersom alarmen går.