Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er eit tilbod til eldre og /eller funksjonshemma som ynskjer å bu heime, men som av ulike årsaker føler seg utrygg og vil sikre at ein får rask hjelp ved behov.
Alarmen er knytt opp til fasttelefonen i heimen til søkjar.

Brukaren ber tryggleiksalarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytt til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleien. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykkjer ut heile døgeret dersom alarmen går.
 

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.

Pris

Prisen vert bestemt av kommunestyret.
Frå 01.01.2011 er prisen kr. 198,- pr mnd.
 

Handsaming

Individuell vurdering av søknaden vert føreteke etter samtale/heimebesøk og eventuelt samarbeid med andre hjelpeinstansar. Dette gjev grunnlag for vedtak om tenester.

Når eit vedtak er fatta av Inntaksnemnda, får du skriftleg melding om din søknad er innvilga eller ikkje.

Dersom søknaden din er innvilga, vert vedtaket sendt over til heimebaserte tenester som vil avtale oppstart av tenesta.
 

Handsamingstid

3 veker

Søknadsfrist

Ingen

Klage

Avslag på tryggingsalarm er eit enkeltvedtak som kan påklagast til kommunen.

Klagefrist er 3 veker. Klageinstans er Fylkesmannen.
 Klagefristen gjeld frå den dagen du mottek vedtaket.
Klage på vedtak etter Lov om sosiale tenester:
Klagen skal sendast Pleie- og omsorgskontoret som vil behandla saka på nytt og gje naudsynt rettleiing og råd.
 

Annan informasjon

Tryggingsalarm kan vere ei kommunal serviceyting, og da kan kommunen sjølv fastsetje eigendel for å installere og drifte alarmen. Den øvste grensa er i alle høve det tenesta kostar å produsere (sjølvkost).

Får du tryggingsalarm for å oppfylle eit hjelpebehov du krav på å få dekt etter sosialtjenesteloven § 4-3, skal utrekninga av eigendelane følgje reglane i forskrift til sosialtjenesteloven kap. 8.

Aktuelle lover

Lov om sosiale tenester
Kommunehelsetenesten

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
6863 Leikanger

Tenesteleiar
Anne Margrete Kraavik
Telefon: 57 65 56 54

Send e-post 

Web levert av CustomPublish AS