Prisen vart tildelt for stor ungdomsmedverknad, auka deltakarartal frå alle kommunane og for at det vart vidaresendt bidrag i alle kategoriar til fylkesmønstringa.

Ungdommar frå alle kommunane har aktivt delteke i planlegging og gjennomføring av arrangementet. Som arrangørar lærer ungdommane å ta ansvar, får utvikling innanfor sitt interessefelt og vert kjende med andre ungdommar på tvers av kommunegrensene.  Godt samarbeid på tvers av kommunegrensene har vore svært viktig for å få til dette. Arrangørane ynskjer ei felles mønstring også til neste år.

Agate og Liva som deltok i den lokale UKM-mønstringa
Agate og Liva som deltok i den lokale UKM-mønstringaHer er Agate og Liva, som var blant deltakarane i den lokale mønstringa.