Kommunen deltek saman med fleire kommunar i Sogn i eit samarbeid med fylkeskommunen om å undersøke elvar. Dette vil vise miljøtilstand og gi ein peikepinn på eventuell ureining. Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elvar, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta. Det er leigd inn konsulentar som skal samle inn og analysere prøvar av botndyr og begroingsalgar. Undersøkingane vil etter planen foregå i august og oktober. 

Følgjande elvar i Indre Sogn vassområde inngår i arbeidet:
Leikanger kommune: Njøsaelvi, Sogndal kommune: Tverrgrovi, Fardalselvi og Sogndalselvi; Luster kommune: Dalselvi på Indre Hafslo, Skjervelvi, Modvagrovi, Yttrisgrovi og Myklemyrkanalen.

Begroingsprøve. Foto: Staffan Hjohlman         Innsamling av botndyr. Foto: Staffan Hjohlman
Begroingsprøve                                                                      Innsamling av botndyr
Alle foto: Staffan Hjohlman