Ungdomsbasen
Eit tilbod for ungdom frå 7. klasse til 18 år. Sjå meir informasjon på Facebook (Ungdomsbasen Leikanger)

Sogn kulturskule
Interkommunal kulturskule med opplæring i song og mange ulike instrument. Sjå meir informasjon på nettsida www.sognkulturskule.no

Dans utan grenser
Dans for barn og ungdom frå 1. klasse og oppover. Det er ungdomar som sjølve dansar i Dans utan grenser som er instruktørar - 2 eller fleire instruktørar har ansvar for kvar gruppe. Kontaktperson: tenesteleiar Aase Bruntveit Njøs tlf. 57 65 56 04. Informasjonsfolder/timeplan (pdf)

Systrond speidargruppe
Speiding er friluftsliv, vennskap, samarbeid og opplevingar gjennom møter og turar.
Me er mykje ute i naturen, og har minst ein overnattingstur kva månad der me stort sett bur i telt eller gapahuk, av og til hytte. 
Systrond 1 har om lag 50 medlemar frå 5. klasse til vaksne leiarar.
For meir info https://facebook.com/systrond1 eller kontakt petter@stenstadvold.no/mobil 41530965

Leikanger skulemusikk

Syril


Sogn fridykkarklubb
Sogn fridykkarklubb er eit idrettslag under Norges dykkerforbund. Vi har faste treningar/aktivitet i basseng i Sogndal, med særleg fokus på barn og ungdom i alderen 8-18 år. Vi har eit lavterskeltilbod utan konkurranselement. Medlemsskap gir fri tilgang til bassengtreninga. Meir informasjon på facebook (Sogn fridykkarklubb).

Leikanger skyttarlag

Leikanger Jakt- og fiskelag

Leikanger mannskor

Leikanger Mannskor er ein godt innarbeidd institusjon i Systrondbygdi med tradisjonell mannskorsong og Palmerevy som vårt varemerke. Vi er mange godt vaksne karar i koret, men vi har også yngre medlemmer. Vi tek alltid i mot nye medlemmer med opne armar, så dersom du er ferdig med stemmeskiftet og er interessert i song og eit hyggjeleg fellesskap, er du velkomen til oss. Vi øver kvar tysdag kl. 20.00 i Mediateket på Leikanger barneskule. Meir informasjon på Facebook (Leikanger mannskor).


Me har utfordra laga og organisasjonane til å presentere seg sjølv, så her vil det komme meir info etterkvart.