Ungdomsklubb

Leikanger ungdomsklubb er ein kommunal ungdomsklubb. Klubben vert driven i samarbeid med Leikanger MC-klubb. Kommunen leiger lokale hjå MC-klubben i Askedalen 12.

Klubben har eigen klubbleiar og to klubbarbeidarar. Det er avtale mellom MC-klubben og kommunen at MC-klubben stiller med to vakter på kvar klubbkveld og på kveldar utanom klubbkveldane.

Målgruppe

Klubben er for all ungdom frå dei går i 7. klasse til dei avsluttar på vidaregåande.  

Vilkår

Klubben er rusfri og er eit ledd i kommunen sitt førebyggande arbeid blant ungdom. 

Pris

Klubben har medlemskap. Kontingenten for ein klubbsesong er kr. 200. Ein klubbsesong er haust og vår i følgjande år. Det vert sendt ut eigen innbetalingsgiro for kontingenten. 

Annan informasjon

Opningstider:
Klubben er open kvar onsdag frå klokka 18:30 til klokka 21:30. Det vert og arrangert særskilde klubbkveldar på andre vekedagar. Desse er ope frå 18:30 til 22:30. 

Den kommunale ungdomsklubben har ansvar for kva som skjer inne i klubben. Men klubben har ikkje ansvar for kva som skjer utanfor klubblokala. 

I klubben er det sal av brus, snacks og anna. Det kan og skje sal av mat på klubbkveldane. Prisane skal vere rimelege og akseptable for alle.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER

Tenesteleiar
Ole Opheim Røthe
Telefon: 57 65 56 74

Send e-post

 

Web levert av CustomPublish AS