Å byggje ein frittliggjande utepeis blir sett på som eit mindre tiltak. Det vil seie at du normalt ikkje treng å sende inn melding/søknad til kommunen. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast:

• Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
• Utepeisen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
• Utepeisen må vere minimum 3 meter frå bygning

Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, kontakt kommunen for meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med reglane.

Ynskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du søkje.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan då gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Naboar og andre kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.
Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga.

Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt  med kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.