Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
Dersom du skal oppføre:
• ei leikestove
• ei vedbu
• ei sportsbu
• ei reiskapsbu
• eit hageveksthus e.l.
(heretter kalla uthus), treng du normalt ikkje sende inn søknad til kommunen.
(Dette gjeld likevel ikkje dersom uthuset du skal oppføre ligg innanfor 100-meterbeltet frå sjø.) Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ynskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.
Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som kan tenkjast å bli berørte av uthuset. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.
Hus- og tomteeigarar
Generelle vilkår:
• Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgjevnadene
• Du må sjå til at uthuset ikkje kjem for nær eller i konflikt med det kommunale leidningsnettet for vatn og avløp
• Uthuset må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
• Uthuset er ikkje i strid med plan- og bygningslova, medrekna tilfredsstillande estetisk utforming
• Uthuset er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Særskilde vilkår:
• Gjeld berre for eigedom som det er bygt på frå før
• Uthuset må ikkje brukast som varig opphaldsstad for personar (ikkje godkjend for overnatting)
• Maksimum bruttoareal er 15 m2
• Maksimum gesimshøgd er 2,5 meter
• Maksimum mønehøgd er 3,0 meter
• Minimumsavstand til annan bygning er 1,0 meter
• Minimumsavstand til nabogrense er 4,0 meter
• Uthuset skal plasserast innanfor byggjegrense fastsett i reguleringsplanen, veglova eller jarnbanelova
Rettleiing:
Du treng ikkje å sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller alle vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.
Ingen kostnad
Naboar og andre kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettmessige. Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga.
Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.
• Forvaltningsloven
• Plan- og bygningsloven
• Forskrift om krav til byggverk (TEK)
• Forskrift om saksbehandling i byggesaker (SAK)
• Statens bygningstekniske etat
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
