Utlånsreglar:

Biblioteket si mediesamling kan brukast gratis av alle over 7 år. Vaksne og ungdom over 13 år får lånekort ved registrering. Born mellom 7 og 13 år får lånekort mot skriftleg løyve frå foreldra. Det er elles høve for born mellom 7 og 13 år å låne på føresette sine lånekort. Lånaren er ansvarleg for alt som vert lånt på lånekortet.

Lånaren pliktar å:

  • melde adresseendring
  • erstatte skada og tapt mediemateriell
     

Lånetid:

  • Bøker, lydbøker, teikneseriar: 4 veker
  • Tidsskrift: 4 veker
  • CD: 4 veker
  • Video, dvd: 1 veke

Aviser og referansesamlingar er vanlegvis ikkje til utlån.

Alle media som er til utlån kan reserverast for lån. Lånarane får melding når media kan hentast. Biblioteket låner inn media frå andre bibliotek. Ved slike utlån gjeld eigarbiblioteket sine lånereglar.

Media kan fornyast dersom dei ikkje er reservert for annan lånar.

Ved for sein innlevering vert det kravd eit gebyr på kr.20,- pr. medium.

Krav om erstatning for skade eller tap av media vert vurdert i kvart tilfelle. Biblioteket fastset erstatningssummar etter skjønn på grunnlag av innkjøpspris og slitasje. Unntak er for nyanskaffingar, der det vert kravd full erstatning.

Dersom mediet ikkje er levert attende etter 3.gongs purring, vert vidare lån sperra. Det vert då sendt fullt erstatningskrav til lånar.

Hugs å levere attende det du har lånt i tide. Det kan vere andre som har lyst å låne det du har lånt !