Utnytting av ressursane i samband med utbygginga av Leikanger kraftverk. Kom med dine innspel.
Leikanger kommune og Sognekraft as har inngått utbyggingsavtale knytt til søknaden om konsesjon for Leikanger kraftverk. Denne avtalen fastset at det skal utarbeidast det som vert kalla « Ein fleirbruksplan for fjellområda».
Planområdet er likevel ikkje avgrensa til fjellet der det meste av utbygginga skal skje, men skal òg ta med alternativ bruk av tunnelmassane som vert uttransportert frå kraftstasjonen i Suppam.
Kommunestyret har oppnemnd ei styringsgruppe for dette planarbeidet. I denne gruppa er det representantar frå kommunestyret, grunneigarane og Sognekraft . Kontaktperson i kommunen er Per Holen.
Arbeidsgruppa ynskjer å få fram idéar om korleis ein best kan utnytta dei ressursane utbygginga fører med seg.
Aktuelle tema kan vera:
- Alternativ bruk av tunnelmassane i staden for deponi
- Etterbruk av anleggsvegane
- Hytteområde
- Anlegg for idrett og fritid
Styringsgruppa har hatt møte med grunneigarane og vil over sommarferien skipa til ope møte om saka.
Kommunen ynskjer flest mogeleg innspel med idéar om bruk av dei ressursane kraftutbygginga fører med seg.
Send idéane dine til: postmottak@leikanger.kommune.no.
