Eigar pliktar å søke kommunen om løyve til utslepp av avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande.
Dette gjeld for dei som ikkje er knytt til offentleg avløpsanlegg.For verksemder som berre slepper ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom det er innlagt vatn.

Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom (sanitært avløpsvatn). Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom. Klosettavløp er ikkje inkludert

Standardvilkåra går fram av forurensningsforskriften. Vilkår kan òg gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.

Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygt og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.

Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsetje krav som skil seg frå kap. 12 i forskrifta eller nekte etableringa av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei føremona og ulempane som tiltaket elles vil medføre.

Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysningane:

  • dokumentasjon på korleis ein skal etablere og drive utslepp
  • om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i kap. 12 i forurensningsforskriften eller om det blir søkt om fritak frå krava
  • plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart
  • interesser som ein trur etableringa får følgjer for, til dømes drikkevatn

Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.