Utleige skjer på biblioteket i Saften, inntil videre i bliblioteket si opningstid:
tysdagar 12.00-18.30, onsdagar 12.00-17.00 og torsdagar 14.00-18.30


Utstyrssentralen leiger ut idretts- og friluftsutstyr til ein billeg penge. Du kan leige utstyr frå ein dag eller opp til ei heil veke. Hovedmålgruppa er ungdom i aldersgruppa 13-23 år, men alle som vil får lov til å leige. Det er eit krav at låntakar skriv kontrakt og betalar kontant når ein skal låne ustyr. Born og ungdom kan leige utstyr på eiga hand, men må ha med ei fullmakt frå føresette. Alt ustyr må leverast tilbake til avtalt tid, reint og tørt.

Leikanger utstyrssentral har som mål å gi ungdom moglegheit til auka fysisk aktivitet og å delta i friluftsliv. Utstyrssentralen skal bidra til at utstyr til sports- og friluftsaktivitetar er tilgjengeleg for alle. Gjennom dette tilbodet ynskjer ein å bidra til ei sosial utjamning og inkludering og til at fleire unge skal få oppleve glede ved sports- og friluftsaktivitetar.

Telt.jpgredningsvest.jpg