Røysterett
Røysterett ved Stortingsval har norske statsborgarar som fyller 18 år innan utgangen av 2017, og som er eller har vore folkeregisterført som busett i Norge. Du må stå i manntalet for å røyste. Personar som har vore busett utanfor landet i meir enn 10 år samanhengande, må søke om innføring i manntalet i den kommunen vedkomande sist var registrert som busett.

Valkort
Alle som står i manntalet får tilsendt valkort. Ta gjerne med deg valkortet ditt når du skal røyste.

Legitimasjon
Vallova seier at ein veljar som er ukjend for røystemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjon kan vere pass, førarkort eller bankkort med bilete.

Står du i manntalet?
Du vil bli manntalsførd i den kommunen som du ifølgje Folkeregisteret er busett i den 30. juni 2017. Frå ca midten av juli kan du sjekke om du står i manntalet. Manntalet vil bli lagt ut på biblioteket og i serviceekspedisjonen i tinghus 1. Dato for utlegging av manntalet vil bli kunngjort på kommunen si nettside.

Du kan også ringe serviceekspedisjonen, 57 65 56 00 og spørje om du står i manntalet.

Klage på manntalet
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta opp.
Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve, og sendast  til: Leikanger kommune, valstyret, Skrivarvegen 7 6863 Leikanger.