I samsvar med plan og bygningslova § 12-8 vert det kunngjort oppstart av detaljreguleringsplan for del av Gjerde i Leikanger kommune.
Per Steinar Melås er tiltakshavar.

Føremål med planarbeidet er å forbetre tilkomst frå fylkesvegen, lage tilfredstillande vegløysing og parkeringstilhøve på eigedomen. Det skal også leggjast til rette for anna arealbruk, m.a. for ei utviding av bygget «Villmarka» på omlag 500 m2.

Formannskapet i Leikanger kommune gjorde vedtak 03.06.19 om at planarbeidet kan setjast i gang. Framlegg til planprogram datert 03.04.19 dannar grunnlag for planarbeidet.

Innspel/merknader til planarbeidet kan sendast innan 16.08.2019 til:

Asplan Viak AS, Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
eller e-post:  leikanger@asplanviak.no

Alle innspel/merknader vert sendt til kommunen som ledd i vidare handsaming.

Spørsmål kan rettast til Asplan Viak på tlf: 415 18 863.

Framlegg til planprogram