I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vert det kunngjort oppstart av områderegulering for Henjabakkane.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for ny bustadbygging innanfor føremål B55 i kommuneplanens arealdel samt ny vegtilkomst. Ein legg opp til einebustader og kombinasjon rekkehus/ leilegheiter. Varsla planområde er på om lag 490 daa, medan område for bustadutbygging er på om lag 100 daa. Ein ser for seg at planavgrensinga vert trekt noko tilbake når arealbehovet er nærare vurdert.

Formannskapet i Leikanger kommune gjorde vedtak 13.06.19 om å setja i gang planarbeidet. Kommuneplanen sin arealdel dannar grunnlag for planarbeidet. Det vert vurdert slik at det ikkje er krav om planprogram og konsekvensutgreiing (KU) sidan planen vil vera i samsvar med nyleg vedteken arealdel med KU.

Innspel/merknader til planarbeidet kan sendast innan 14.12.2019 til Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger eller e-post: postmottak@leikanger.kommune.no