Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Per Gjerland
Telefon 57 65 56 23
Send e-post
Vakttelefon teknisk drift
utanom arbeidstid
908 27 630
Eigedomar som vil knyte seg på Leikanger vassverk må betale ei tilknytingsavgift og ei årleg avgift. Årsgebyret er delt i abonnementsgebyr og forbruksgebyr. Forbruksgebyret for bustader blir anten stipulert på grunnlag av storleiken av bustaden eller målt etter forbruk med vassmålar.
Næringseigedomar , offentlege verksemder og kombinasjonsbygg skal ha vassmålar.
Leikanger vassverk reinsar vatnet med membranfiltrering og UV desinfeksjon. Det vert brukt vanglass for justering av pH. Det vert også til tider brukt klor til desinfeksjon.
Drikkevatn som kommunen leverer skal vere hygienisk trygt, klårt og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan føre til fare for helseskade.
For kontroll av vatnet vert det teke vassprøvar kvar 14. dag.
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Per Gjerland
Telefon 57 65 56 23
Send e-post
Vakttelefon teknisk drift
utanom arbeidstid
908 27 630
