Dei parametra som vert analyserte er:

Kimtal – er eit uttrykk for den totale mengda av mikroorganismar i vatnet. Verdien skal vera under 100 for det behandla vatnet.

Koliforme bakteriar – dette er ei gruppe bakteriar som er vanlege i tarmen hjå menneske og dyr, men kan òg førekomma elles i naturen. Dei er sjeldan sjukdomsframkallande. Vatn med koliforme bakteriar treng difor ikkje å vera nokon helserisiko, men tyder på at det er tilsig frå ei kjelde. Det skal ikkje vera koliforme bakteriar i det behandla vatnet.

E.coli – dette er eit sikkert teikn på at det er ureining frå avføring frå menneske eller dyr. Når denne bakterien vert påvist, er sannsynlegheiten større for at det kan vera smittestoff i vatnet. Det skal ikkje vera E.coli i det behandla vatnet.

pH – er eit mål for surheitsgraden i vatnet. Verdien skal liggja mellom 6,5 – 9,5.

Fargetal – er ein indikator for humusstoff i drikkevatnet. Grenseverdien er sett på bakgrunn av estetisk kvalitet. Ved fargetal over 20 (mg Pt/l) vil ein kunne få bruksmessige problem.

Turbiditet – er eit mål for uklarheit eller partikkelinnhald i vatnet. Høg turbiditet kan komma av leire eller andre svevepartiklar som gjer vatnet uklart. Turbiditeten skal vera under 1,0.

Vassprøve - siste tilgjengelege