Leikanger kommune har eitt kommunalt vassverk.

Vasskjelda er Henjaelva. Nedslagsfeltet til vasskjelda er bandlagt, det vil sei at det er lagt restriksjonar for ferdsel og bruk i nedslagsfeltet.


Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale til Leikanger kommune dersom eigedommen din er knytt til det kommunale vass- og kloakknettet

Tilkoblingsgebyr for vatn og kloakk er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knyter eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkobling. Pr. 2019 er tilkoblingsgebyret kr. 10.000,- (5.000 for vatn og 5.000 for avløp).

Du må søkje om tilkopling til offentleg vatn- og avlaupsanlegg. Dette gjeld både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal koplast til. Søknadsskjema finn du under skjema: «Sanitærabonnement – søknad /melding om endring».

Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den datoen du har fått ferdigattest/bruksløyve (nybygg) eller faktisk tilkoplingsdato (eksisterande bygg) på bygget.