For at alle abonnentar skal få vatn ved høgt sommarforbruk og med ny provisorisk drikkevasskjelde frå Lundene, er det innført vatningsrestriksjonar frå 1. juni til 30. august 2019.

Eigedomar med partalsadresse kan vatne inntil ein time (handheldt slange med munnstykke) i tidsrommet 20.00-23.00 på dagar med partalsdato (2,4,6..).

Eigedomar med oddetalsadresse kan vatne inntil ein time (handheldt slange med munnstykke) i tidsrommet 20.00-23.00 på dagar med oddetalsdato (1,3,5..).

Vatning av plen med spredar er ikkje tillete.
Vatning med open slange er ikkje tillete.
Det er lov å vatne med kanne alle dagar.

Leikanger kommune ber alle abonnentar ta omsyn til restriksjonane, slik at alle får nok vatn og tilstrekkeleg vasstrykk til vanleg forbruk.