PKT. 1: 

Det kommunale ungdomsrådet er eit partipolitisk uavhengig, rådgjevande utval for den kommunale politiske styringa. 

Ungdomsrådet skal ha seg førelagt alle saker av særskilt interesse for barn og ungdom i kommunen og gje fråsegn i desse sakene. Dette inkluderar budsjett- framlegg, økonomiplanar og ulike typar kommuneplanar. 

Ungdomsrådet kan på eige initiativ ta opp saker som vedkjem barn og ungdom i kommunen. 

PKT. 2: 

Ungdomsrådet skal ha 6 medlemer med varamedlemer som vert valde av kommunestyret for kommunestyreperioden. 

Rådet skal vere samansett slik: 
1. 3 unge i alderen 12-15 år.
2. 2 unge i alderen 16-19 år.
3. 1 medlem med varamedlem valde mellom kommunestyrerepresentantane. 

I gruppe 1 skal ein av medlemene vere elevrådsleiaren ved ungdomsskulen, og ein annan vere medlem av ungdomsklubben. 

Representanten frå kommunestyret vert vald for 4 år. Dei 5 andre representantane vert vert valde for 2 år om gongen inntil representanten fyller 19 år. Representanten frå ungdomsskulen følgjer skulen si valordning for elevrådsmedlemer. 

Rådet konstituerar seg sjølv og vel leiar og nestleiar. 

PKT. 3: 

Rådet skal ha møte minst 4 gonger i året, og elles når leiaren eller sekretariatet finn det turvande. Dersom 2 av medlemene i rådet krev det, skal rådet kallast inn til møte. 

Rådet vert kalla inn med 1 vekes varsel. Saksdokumenta skal sendast ut saman med innkallinga. Leiaren har ansvaret for at rådet vert kalla inn. Rådet kan gje fråsegn når minst halvparten av medlemene er til stades. 

Rådet fører møtebok. Utskrift av møteboka skal sendast medlemer, varamedlemer, ordførar, rådmann og andre som saka gjeld. 

Klubbleiar har møte- framleggs- og talerett i ungdomsrådet. 

Det vert sett på som ein føremon at ordføraren deltek så ofte som mogeleg i møta til ungdomsrådet. 

PKT. 4: 

Sekretariatet for rådet vert lagt til administrasjonen. Administrasjonen pliktar å halde rådet underretta om saker innan heile det kommunale arbeidsområdet som kan ha interesse for barne- og ungdomsarbeidet i kommunen. 

PKT. 5: 

Medlemene i ungdomsrådet får møtegodtgjersle etter dei retningsliner kommunestyret fastset. Rådet sine driftskostnader vert dekka over eigen budsjettpost. 

PKT. 6: 

Rådet utarbeider kvart år årsmelding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret. I tillegg til årsmeldinga kan rådet ein gong for året orientere kommunestyret om arbeidet sitt.