Vedtekne av Leikanger kommunestyre i sak 26/10 i møte 15. april 2010.

MÅLSETJING

Målet med det kommunale næringsfondet er å fremja lokal næringsutvikling/lokalt utviklingsarbeid.

Fondet kan nyttast til tiltak med føremål å fremja næringsutvikling gjennom tilrettelegging og støtte til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Prosjekt som kan gi arbeidsplassar for kvinner og ungdom skal prioriterast.

Eksempel på prosjekt som kan støttast frå næringsfondet:

  • Kommunalt nærings- og tiltaksarbeid og kunnskapsretta infrastruktur
    som regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv, IKT-prosjekt og ulike utgreiingar/analyser
  • Fysisk infrastruktur og næringsutvikling
    som planlegging og tilrettelegging av kommunale næringsareal, senteropprusting, infrastruktur for reiseliv og vassverk
  • Bedriftsutvikling
    som etablerarstipend, opplæring, produktutvikling, marknadsføring, marknadsundersøkingar og planlegging
  • Investering i bedrifter
    som utstyr/maskiner ved oppstart og utviding av mindre bedrifter.

Eksempla er ikkje uttømmande. Retningsliner frå Kommunal- og Regionaldepartementet, fylkeskommunen og Innovasjon Norge skal gjelda ved sakshandsaminga.

Det kan ikkje givast støtte til gjeldssanering og driftstilskot til bedrifter, heller ikkje til ordinære kommunale oppgåver som avlønning av tiltakskonsulent. Dette hindrar likevel ikkje frikjøp av tilsette til å gjennomføra prosjekt i ein avgrensa tidsperiode. Det kan heller ikkje givast støtte til verksemder som mottek vesentlege overføringar over offentlege budsjett, med unntak av verna bedrifter.

Fondsstyret skal vera varsam med å gje støtte til nyetablering av detaljhandel og annan serviceverksemd dersom dette medfører konkurransevriding mellom bedrifter i kommunen.

STØTTEFORMER

Støtte skal berre givast som tilskot.

Aksjeteikning
Det er ikkje høve til å nytte midlar frå fondet til teikning av aksjar eller delar i privat næringsverksemd.
Det er likevel høve til å teikna aksjar i næringsselskap, utleigebygg og anna som kommunen eig saman med private interessentar.

STØTTEVILKÅR

Prosjekt som gjeld kommunalt nærings- og utviklingsarbeid, kunnskapsretta infrastruktur og fysisk infrastruktur kan finansierast fullt ut frå næringsfondet. Det er ein føresetnad at dei fastsette kapitalgrensene ikkje blir overskridne.

Samla støtte frå næringsfondet til bedriftsutvikling, investeringar i bedrifter og utbygging av private vassverk skal ikkje overstiga 50% av prosjektet sitt kapitalbehov.
Prosjekt som betrar sysselsettingsvilkåra for kvinner og ungdom kan likevel givast inntil 75% støtte.

Søknader som går på tilrettelegging og etablering av ny næringsverksemd bør prioriterast.

Søknader som primært går på supplering av inventar og utstyr utan tilføring av nye konkrete arbeidsplassar bør givast mindre prioritet i form av lågare støtte.

Det er ikkje høve til samfinansiering av midlar frå næringsfondet og midlar som blir forvalta av fylkeskommunen, Innovasjon Norge eller Kommunal- og Regionaldepartementet. Ved reine kommunale tiltaks-/samarbeidsprosjekt og kommunale grunnlagsinvesteringar som skal handsamast i fylkeskommunen eller KAD, kan delar av kommunen sin eigendel, opp til kapitalgrensa for det enkelte føremål, takast frå næringsfondet.

På grunnlag av ein kvalitetsmessig vurdering er det kommunen som avgjer kva prosjekt som skal støttast.
Alle prosjekt skal vurderast i lys av dei prioriterte satsingsområda i kommune- og næringsplanen.

TILSEGNSBREV

Tildelt støtte skal stadfestast med tilsegnsbrev. Tilsegnsbrevet skal sendast kvar enkelt mottakar og skal innehalda:

  • Formål og kva slags tiltak midlane skal nyttast til.
  • Eventuelle vilkår som knyter seg til bruken av midlane og krav til dokumentasjon før midlane kan utbetalast
  • Tidsfrist for bortfall av tilsagnet
  • Utbetalingstidspunkt
  • Krav til rapportering
  • Opplysningar om kontrolltiltak som kan bli sette i verk.
  • Mogelege reaksjonsformer dersom mottakar ikkje opptrer i samsvar med tilsagnet

PROSJEKTA SINE KAPITALBEHOV

Prosjekt med kapitalbehov under dei fastsette grensene kan givast støtte frå næringsfondet. Prosjekt over dei same grensene skal sendast Innovasjon Norge til vurdering og eventuell finansiering. Kapitalgrensene for dei ulike formåla blir fastsett i det årlege rammetildelingsbrevet frå fylkeskommunen.

Ved interkommunale prosjekt kan den enkelte kommune sin del av finansieringa tilsvara den fastsette kapitalgrensa for formålet.

FORVALTNING AV FONDET

Formannskapet er fondsstyre og skal forvalte det kommunale næringsfondet.
Fondsstyret kan delegera mynde til rådmannen til å ta avgjerd i einskildsaker.

Fondsmidlane skal plasserast på renteberande konto og slik at midlane er disponible til kvar tid. Renter skal førast attende til fondet.

Budsjett og rekneskap skal vera integrert i kommunen sitt budsjett og rekneskap i tråd med gjeldande forskrifter. Som ein del av den kommunale årsmeldinga skal det lagast ei oppstilling over fondsstyret sine disposisjonar.
Kommunestyret har forvaltningsmynde for næringsfondet.

RAPPORTERING

Rådmannen har ansvar for å sende pålagde rapporteringar.

FORHOLDET TIL ANDRE NÆRINGSFONDMIDLAR

Andre midlar som tilfell kommunen som det er naturleg å øyremerka til næringsutvikling kan tilførast næringsfondet og forvaltast etter dei same retningslinene.

KLAGE

Vedtak om støtte skal reknast som enkeltvedtak etter §2 i forvaltningslova. Vedtak gjort av formannskapet kan påklagast til kommunestyret.