§ 1
Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne og for eldre i Leikanger er oppretta i medhald av Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. av 17.06.05 og Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd av 08.11.91.

§ 2
Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne og for eldre er eit partipolitisk uavhengig rådgjevande organ for kommunen. Rådet skal ha seg førelagt alle aktuelle saker av særskild interesse for dei rådet skal representere. Rådet kan ta opp saker på eige initiativ, men skal ikkje fremja saker som gjeld einskildpersonar.

§ 3
Rådet skal rutinemessig bli involvert i større plansaker og i budsjett og økonomiplanarbeid.

§ 4
Rådet skal ha 5 medlemer med personlege varamedlemer valde av kommunestyret.
3 medlemer med varamedlemer skal veljast etter framlegg frå brukarorganisasjonar i kommunen.
2 medlemer med varamedlemer skal veljast mellom medlemer av kommunestyret. Kommunestyret vel leiar og nestleiar mellom brukarrepresentantane i rådet.
Oppnemninga av medlemene gjeld for valperioden.

§ 5
Rådet skal ha minst 4 møter i året og elles når leiar finn det turvande. Leiar har ansvar for at rådet vert kalla inn til møte.
Det skal og haldast møte dersom minst to av medlemene krev det.

Rådet vert til vanleg kalla inn med ei vekes varsel. Saksdokumenta skal sendast ut saman med innkallinga.

Rådet er vedtaksført når minst 3 av medlemene/varamedlemene er til stades.

Det skal førast møtebok for rådet. Møteboka skal lesast opp og underteiknast før møtet vert heva. Utskrift av møteboka skal sendast medlemer, varamedlemer, ordførar og rådmann og evt. andre kommunale organ med interesse for vedtaka.

§ 6
Sekretariatet for rådet er lagt til fellestenestene.

§ 7
Leiar, medlemer og møtande varamedlemer får møtegodtgjersle i samsvar med kommunalt regulativ vedteke av kommunestyret. Utgifter til drift av rådet skal dekkast over eige budsjett.

§ 8
Rådet skal ved utgangen av kvart år utarbeide ei kort melding til kommunestyret om si verksemd.