§ 1. Føremål 
Skulefritidsordninga (seinare kalla SFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod utover skuletid for 1. – 4. årssteg, og for barn med særskilde behov på 1. –7. årssteg. SFO skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. SFO skal gje barna omsorg, tilsyn og gode utviklingsvilkår.

§ 2. Eigarforhold 
Leikanger kommune eig og driv skulefritidsordninga.

3. Opptakskriterium
Det er ei målsetjing at alle som har trong for plass, skal få plass. Dersom ein av plassomsyn på barneskulen i periodar ikkje kan ta inn alle, føl ein prioriteringsreglane for barnehagen så langt desse passar, men slik at yngre barn går framfor eldre.

4. Opptaksmyndigheit
Rektor har opptaksmynde, og formannsskapet er klageinstans.

5. Opptaksperiode og oppseiing av plass
Det vert gjort 2 opptak i året, eit hovudopptak og eitt suppleringsopptak. Søknadsfrist for plass i SFO og for leksehjelp vert sett til 1. mai og 1. desember. Ein har då plassen i SFO og leksehjelp til den vert sagt opp skriftleg, og det skal ikkje søkjast på nytt kvart år.

Det vert nytta elektronisk påmeldingsskjema til SFO. Dette ligg på kommunen si heimeside. Informasjonsbrosjyre og informasjon om betalingssatsar skal vere tilgjengeleg i god tid på kommunen og skulen sine heimesider, i kommunen sin serviceekspedisjon, på skulen og i barnehagane.

Oppseiingsfristen er 2 månader. Men det er likevel slik at siste oppseiingsfrist før sommaren er sett til1. mai. Oppseiing vert gjort gjeldande frå den 1. i kvar månad.

6. Foreldrebetaling
Foreldrebetalinga vert fastsett av kommunestyret i samband med årsbudsjettet. Årsbetalinga vert fordelt på 11. månader, der juli er betalingsfri månad.
Ved manglande betaling kan kommunen seie opp plassen med 1 månads varsel dersom skuldig beløp ikkje er betalt innan 3 veker etter 2. purring, eller at det er inngått avtale med kommunen v/økonomiavdelinga om nedbetalingsplan.

7. Leike og opphaldsareal
SFO har tilhaldsstad på Leikanger barneskule. Arealnorma vert sett til min. 2,5 m2 pr. barn. Leikearealet ute er som for skulen elles.

8. Dagleg opphaldstid og årleg opningstid
Dagleg opphaldstid er mellom 07.30 og 09.00 om morgonen, og mellom skuleslutt og 16.30 om ettermiddagen.

Alternativ 1. 5 dagar per veke før og etter skuletid inkl. haustferie, vinterferie og enkle fridagar i skuleruta.
Alternativ 2. Kjøp av enkeltveker i skulen sin sommarferie minus 4 veker i juli då SFO er stengd.

Sfo er stengd i juleferie, (veslejulafta, julafta og dagane mellom jul og nyttår), påskeferien (måndag, tysdag og onsdag i påskeveka) og 4 veker i juli månad.
For alternativ 1 gjeld betalinga per månad i 11 månader. Juli er betalingsfri månad. For alternativ 2 gjeld betalinga per veke.

Det vert gjeve 30 % søskenmoderasjon for 2. barn og 50 % moderasjon for 3. eller fleire barn, dette gjeld og for alternativ 2.

Det er høve til å kjøpe inntil 2 enkeltdagar pr. månad, men ikkje i feriane.

9. Bemanning og leiing
Rektor er pedagogisk og administrativ leiar for skulefritidsordninga. Det skal i tillegg vere ein dagleg leiar som syter for dagleg drift.
Det skal vere ein vaksen pr 15 barn som grunnbemanning. Dersom det er ressurskrevjande barn med særlege behov, skal bemanninga styrkast.