Vedtekter - kommunal barnehage

§ 1 EIGAR

Leikanger kommune eig og driv Henjahaugane barnehage og Nybø barnehage med avdelingar i Sorenskrivargarden og Fylkesmannsgarden.
Henjahaugane barnehage er godkjend med 3 avdelingar for aldersgruppa 0 - 6 år og eit leike- og opphaldsareal på 264 kvm.
Nybø barnehage i Fylkesmannsgarden har 2 avdelingar for aldersgruppa 0 - 6 år og eit leike- og opphaldsareal på 247,2 kvm. 

§ 2 FØREMÅL

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
Barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.
Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.
Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommen sin eigenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og være ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.

§ 3 LOV M.M.

Barnehagane i Leikanger skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, forskriftene til lova, og til ei kvar tid gjeldande rammeplan og retningsliner frå Kunnskapsdepartementet, reglar for internkontroll, kommunale vedtekter og årsplan for den einskilde barnehagen.

§ 4 FORVALTNING, UTVAL OG RÅD

Kommunestyret er forvaltningsorgan for barnehagane i kommunen, m.a. når det gjeld tilsyn. Barnehagane vert administrerte av rådmannen.
Barnehagane skal ha samarbeidsutval og foreldreråd, jfr. Lov om barnehagar §§ 4 og 6 og forskriftene pkt.2.
Dei kommunale barnehagane har felles samarbeidsutval. Kommunestyret er overordna samarbeidsutvalet. Foreldre/føresette og tilsette vel sjølve representantane sine. Kommunestyret vel kommunen sine representantar.
Askedalen barnehage A/S har eige samarbeidsutval der kommunen har 1 representant.

§ 5 OPPTAKSMYNDE

Rådmannen tildeler kommunale og private barnehageplassar i eit samordna opptak etter samråd med styrarane.
Formannsskapet er klageorgan etter forvaltingslova.

§ 6 OPPTAKSREGLAR

Barnehageplass er eit frivillig tilbod til alle barn i kommunen.
Ved hovudopptaket vil alle som fyller eitt år før 1. september og som har søkt innafor fristen, ha rett til barnehageplass.
Barn som er inne på prosentplass i barnehagane, får tilbod om full plass før det vert tekne opp nye barn.
Sysken skal så langt det er mogeleg få plass i same barnehage.

For dei som ikkje har lovfesta rett til plass, samt ved suppleringsopptak og løpande opptak gjennom året, skal desse prioriteringane gjelde:
1. Barn med fysiske og/eller psykiske funksjonsskadar og/eller som har foreldre/føresette med slike skader.
2. Barn frå familiar med særlege sosiale/helse - eller miljøtilhøve som gjer at barnet kan ha nytte av opphald i barnehage.
3. Barn med framandspråkleg bakgrunn.
4. Barn med einslege foreldre/forsytarar som er i arbeid/ under utdanning.
5. Utover dette skal alder vere hovudkriterium.
Når det er fagleg tilrådd, kan barn etter opptaksregel 1 tildelast ledig plass utan utlysing, og framfor dei som står på reservelista.

Tildelt plass skal takast i bruk innan ein månad frå tildelingsdato.
Ved alle opptak skal det setjast opp reserveliste etter same reglar som ved opptak, ei for 0 – 3 år, og ei for 3 - 6 år.
Opptak til kvar barnehage vert til vanleg gjort ut frå prioriteringar på søknadsskjema, men etter pedagogisk heilskapsvurdering eller andre grunnar er det høve til å fråvika prioriteringa. Ved opptaket skal det leggast vekt på å sikra god og kostnadseffektiv drift av barnehagane i kommunen.

Administrasjonsutvalet disponerer inntil 2 heile plassar. Desse plassane skal berre nyttast som eit hjelpemiddel ved rekruttering til viktige stillingar i kommunen. Unytta plassar vert nytta på vanleg måte etter at ev. klagehandsaming for hovudopptaket er over.

§ 7 OPPTAKSTIDER OG OPPSEIINGSFRIST

Det vert gjort hovudopptak i februar/mars, og suppleringsopptak i november. Barnehageåret tek til 15. august. Barn som skal ta til i skulen disponerer plassen sin ut barnehageåret før skulestart. Plassen er då ledig for opptak utan oppseiing. Ledige plassar til nytt barnehageår vert lyst ut samla. Alle andre har plassen sin til den vert skriftleg oppsagd.
Suppleringsopptaket vert lyst ut i oktober.

Oppseiingstida er 2 månader. Oppsagd plass, eller når barn fyller 3 år, skal lysast ut når reservelista er oppbrukt eller ugyldig. Den gjeld i 4 månader frå dato for opptak.
Oppseiing skal skrivast på fastsett skjema som ein får i barnehagane eller i Serviceekspedisjonen i Tinghus 1.
Oppseiingsfristen kan avkortast når ein har barn på venteliste.

§ 8 OPNINGSTID

Barnehagane er opne frå kl. 07.30 til kl. 16.30 kvar yrkedag heile året bortsett frå helgeaftene då det er ope til klokka 12.00. Opningstida i barnehagane i romjula skal vere frå kl. 08.00 – 15.45.
Barnehagane er stengde dei 2 siste vekene i juli - veke 29 og 30. I ferieperioden f.o.m. veke 27 t.o.m. veke 32 vert barna samla i den eine av dei to barnehagane.

§ 9 FERIE

Barnet skal ha 4 veker ferie i barnehageåret. Desse kjem i tillegg til dei 5 planleggingsdagane. Minimum 3 av ferievekene skal takast ut i ferieperioden f.o.m. veke 27 t.o.m. veke 32. den 4. veka skal som hovudregel takast samla.
Foreldra skal ha levert ferieplan innan 1. mai.

§ 10 FORELDREBETALING

Kommunestyret fastset foreldrebetalinga for kvart budsjettår fordelt med lik sum kvar månad i 11 månader i året. I hausthalvåret betalar ein for 5 månader, og i vårhalvåret for 6 månader.
Betalinga skal ordnast på forskot den 15. i kvar månad, første gong 15. august eller den næraste påfølgjande kvardag. I spesielle høve kan det søkjast om dispensasjon. Søknaden må sendast kommunen i god tid.
Det vert tillagt renter ved for sein betaling.
Ved manglande betaling kan kommunen seie opp plassen med 1 månads varsel dersom skuldig beløp ikkje er betalt innan 3 veker etter 2. purring, eller at det er inngått avtale med kommunen v/økonomiavdelinga om nedbetalingsplan.

§ 11 OPPTAK AV BARN FRÅ ANDRE KOMMUNAR

Dersom det er ledige plassar i dei kommunale barnehagane etter at hovudopptaket er over, kan ein ta inn barn frå andre kommunar. Før ein tildeler plass skal det vere inngått avtale med bustadkommunen om rett til refusjon etter sentrale satsar.

§ 12 FRITAK FOR BETALING I BARNEHAGEN

Det vert innvilga betalingsfritak for følgjande søknader:
1. Barn som på grunn av sjukdom eller skade ikkje kan nytte plassen sin i barnehagen, kan få fritak frå 1. dag i etterfølgjande månad som barnet vert teke ut av barnehagen. Det må liggja ved tilråding frå lege. Rådmannen får fullmakt til å ta avgjerd i slike saker.

Det vert ikkje innvilga betalingsfritak for:
1. Søknader om å ta barnet ut grunna ferie.
2. Søknader om fritak der barnet er fleirkulturelt og skal tilbake til heimlandet for kortare eller lenger tid.
3. Søknader frå foreldre med delt foreldreansvar der barnet har trong for barnehageplass i enkelte veker eller periodar. Det må betalast full månadspris med mindre eit anna barn nyttar seg av plassen i den perioden barnet bur hjå den andre av foreldra.

§ 13. BARNEHAGELOKALA

Når det ikkje hindrar den daglege drifta av barnehagen, kan lokala leigast eller lånast ut til andre aktivitetar. Avgjerd om dette vert teke av styrar etter delegert mynde. Kommunestyret har fastsett satsar for utleige.
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS