Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
Ikkje-berande vegg er lettvegg som du kan setje opp for å dele opp eit rom eller kontorlandskap til fleire mindre rom, forutsett at dette blir gjort innanfor same brukseininga. Brukseining blir her forstått som del av same bustad, husvære eller same verksemd i næringslivet. Du treng da ikkje å sende melding eller søknad til kommunen.
Det er likevel nokre tekniske vilkår som må oppfyllast.
For freda bygningar vil det alltid vere søknadsplikt etter kulturminnelova.
Ynskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du sende inn søknad.
Generelle vilkår:
• Lettveggen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
Særskilde vilkår:
• Flytting, fjerning eller oppsetting av lettveggar må ikkje føre til vesentlege endringar i den planløysinga som er godkjend frå før
• Brannsikring, nødvendig lys og ventilasjon osb. må oppretthaldast
Rettleiing:
Du treng ikkje å sende søknad eller melding til kommunen dersom tiltaket samsvarar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.
Ingen kostnad
Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.
• Forvaltningsloven
• Plan- og bygningsloven
• Forskrift om krav til byggverk (TEK)
• Forskrift om saksbehandling i byggesaker (SAK)
• Statens bygningstekniske etat
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
