Vegvedlikehald

Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Tenesta skal sikre at vegen er trygg for ferdsel og ta vare på miljø- og samfunnsinteresser.

Vilkår

Dei som brukar vegane må halde vegen fri, ikkje skade offentleg veg eller fjerne innretningar som høyrer til vegen. Ein må heller ikkje lagre ting på vegområdet eller langs vegen.

Handsaming

Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøve ikkje gjer det mogleg å halde han open.

Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem. Vedlikehaldet kan omfatte feiing og reinhald, kantslått, vegoppmerking og skilting, brøyting og strøing om vinteren

Klage

Kommunen vurderer omfanget av drifta og vedlikehaldet etter behov og økonomi. Det er kommunen sine løyvingar til vegføremål som set ramma for kva for omfang vedlikehaldet skal ha. Dersom manglar ved vegbana er årsak til skade eller ulykke, gjeld dei alminnelege erstatningsreglane
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER

Tenesteleiar
Per Gjerland
Telefon 57 65 56 23

Send e-post

Vakttelefon teknisk drift
utanom arbeidstid
908 27 630

Tenesteomtalar

Web levert av CustomPublish AS