Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Omfanget av drifta og vedlikehaldet vert vurdert etter behov og økonomi. Det er kommunen sine løyvingar til vegføremål som set ramma for kva for omfang vedlikehaldet skal ha. 

Dei som brukar vegane må halde vegen fri, ikkje skade offentleg veg eller fjerne innretningar som høyrer til vegen. Ein må heller ikkje lagre ting på vegområdet eller langs vegen.

Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem. Vedlikehaldet kan omfatte feiing og reinhald, kantslått, vegoppmerking og skilting samt brøyting og strøing om vinteren.