Leikanger storvald vart skipa i 2006. Storvaldet skal, på vegne av grunneigarane i Leikanger, forvalta hjortejakta i kommunen. Dei tidlegare hjortevalda er no vorte jaktfelt i det nye storvaldet. Dei overordna måla i bestandsplanen er henta frå lovverk og forskrifter, deretter kjem lokale mål for hjortebestanden i Leikanger.

Leikanger storvald fekk i 2009 tildelt 258 hjorteløyve for Leikanger kommune samla for dei neste tre åra. Storvaldet skal forvalte hjortebestanden i kommunen etter godkjend bestandsplan der mål for avskytinga er sett opp.

Leiar i storvaldet er Roald Lunde.